Biobío-regionen (spansk Región del Biobío) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar dei tre provinsane Biobío, Concepción og Arauco. Han grensar til Ñuble-regionen i nord, til Araucanía-regionen i sør og til Argentina i aust.
Concepción er hovudstad og største byen i regionen. Los Ángeles er ein annan vektig by.