Berninafjella (italienskMassiccio del Bernina) er ei fjellkjede aust i Sveits og nord i Italia som høyrer til Dei sentrale Alpane. Det er ei av dei høgaste fjellkjedene i Alpane og er dekt av mange isbrear. Piz Bernina (4 049 m) er den høgaste toppen og er den austlegaste av fjelltoppane over 4 000 meter i Alpane. Toppen som oftast vert klatra er Piz Palü.