Bernhard Severin Sannerud (1. januar 1860–3. februar 1941) var ein norsk skulemann og politikar som representerte einmannskrinsen Flekkefjord og partiet Venstre på stortinget 1916-18.
Sannerud var fødd i Furnes i Hedmark, der far hans var gardbrukar, lærar og kyrkjesongar. Sjølv byrja han studere i 1880 og vart cand.philos. i 1883, samstundes var han privatlærar i Heddal i Telemark. Frå 1884 til 1918 var han lærar, seinare overlærar ved mellomskulen i Flekkefjord. Sidan var han styrar av kommunale høgre allmennskular i Eidsvoll 1918-26 og Drøbak 1927-30.
I Flekkefjord tok Sannerud aktivt del både i det offentlege og sivile samfunnslivet. Mellom anna var han formann i likningskommisjonen og i elektrisitetsverket. Han var medlem i bystyret frå 1898 til han flytta frå byen i 1918, ordførar i periodane 1907-10 og 1916-18. Stortingsperioden 1916-18 var han også stortingsmann frå Flekkefjord, medlem i Protokollkomiteen. Etter han var pensjonert var Sannerud medlem i formannskapet i Drøbak.
Kjelder