Bente Onsager Lund (13. mars 1921–6. mars 1995) var ein norsk psykolog, forskar, kvinnesaksforkjempar, sjokoladefabrikkeigar og filantrop.
Bakgrunn
Lund var dotter av banksjefen i Andresens Bank, Oscar Fredriksen, som kjøpte seg stort opp i sjokoladefabrikken Freia tidleg på 1900-talet.
Lund var gift med diplomaten Bernt H. Lund, kjend som departementsråd i Departementet for utviklingshjelp og assisterande utanriksråd. Sonen deira er Diderik Lund, professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo.[1] Svigermora hennar var Sigrid Helliesen Lund; svigerfaren hennar Diderich H. Lund var ein pioner innan norsk utviklingshjelp og også medlem i Norsk Kvinnesaksforening.[2]
Karriere og samfunnsengasjent
Lund tok examen artium ved reallinja på Frogner skule i 1939 og blei cand.psychol. ved Universitetet i Oslo i 1953. Ho arbeidde frå 1963 som forskar ved Institutt for samfunnsforskning og sidan ved Institutt for anvendt sosialvitenskapelig forskning (INAS; no NOVA). Ho gjennomførte blant anna eit større forskingsprosjekt om livssituasjonen til einslege mødrer, i samarbeid med Per Olav Tiller.[3][1]
Lund var aktivt engasjert i kvinnesaka, miljøsaka, fredsrørsla, Amnesty International og Human-Etisk Forbund. Ho var styremedlem i Oslo Kvinnesaksforening frå 1958, nestleiar 1960–1962 og leiar i Oslo Kvinnesaksforening og landsstyremedlem i Norsk Kvinnesaksforening frå 1970 til 1972. Ho var opphavleg med i Arbeidarpartiet, men var medstiftar av Sosialistisk Folkeparti i 1961.[4]
Lund hadde ein stor formue og var kjend som storaksjonær i sjokoladefabrikken Freia; ho og systera Grete arva aksjane etter faren. I 1990-åra fekk ho mykje merksemd då ho motsette seg sal av verksemda til eit amerikansk storkonsern.[5] Ho gav betydelege gåver, fleire millionar, til både Norsk Kvinnesaksforening, Amnesty International og tiltak for psykisk helsehjelp til barn og unge. Norsk Kvinnesaksforening fekk sine lokale i Majorstuveien 39 i gåve frå Lund,[6] og ho finansierte også eit forskingsprosjekt ved Senter for kvinneforskning ved Universitetet i Oslo om foreininga si historie som resulterte i boka Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913.[7][8]
Birgit B. Wiig skreiv at engasjementet til Lund var prega av ei udogmatisk interesse for å formidle nye idear; «Bente Lund var ikke selv kveker, men hun fikk sterke impulser i det åndelige fellesskap hun hadde med sin svigermor Sigrid Helliesen Lund. Indira Gandhi, Indias senere statsminister, oppholdt seg en tid i familien, og satte spor etter seg».[9]
Bibliografi i utval
Kjelder