Benedicte Agerup
|
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
18. mai 1845 Brevik
|
Død |
13. januar 1907 (61 år)
|
Yrke |
skribent
|
Benedicte Caroline Mathilde Agerup, fødd Erbe (18. mai 1845–13. januar 1907) var ein norsk forfattar.[1] Ho er òg kjend under namnet Benedicte Erbe-Agerup og pseudonymet Mathilde.
Benedicte Agerup var dotter av tollbetjent Bendix Erbe og Karen Marthine Bruun.[2] Ho vart gift den 10. februar 1868 med skipsførar Oluf Agerup i Larvik.[3]
Agerup gav ut fleire skjønnlitterære bøker under pseudonymet Mathilde i løpet av dei seinaste tiåra av 1800-talet. Hennar første bok var Sphinx – De originale Gaader, som vart utgjeven hos Malling i Kristiania. Hennar andre bok, Et aar af en ung Piges Liv, som kom ut i 1885, vart gjeven ut i i Sverige i 1887 som Ett år af en ung flickas lif.
Bibliografi
- 1878: Sphinx – De originale Gaader
- 1885: Et aar af en ung Piges Liv - en Fortælling
- 1886: I Skumring og Daggry – Skisser
- 1889: Mellem fremmede – Fortælling
- 1899: To Fortællinger
Kjelder
- ↑ SAKO, Brevik kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1814-1846, s. 322
- ↑ Folketelling 1865 for 0707P Larvik prestegjeld: Bosted by: 0373
- ↑ Ministerialbok for Larvik prestegjeld 1856-1870 (0707P): Viede: 1868-02-10
Litteratur