Belgia debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 og har berre vore fråverande tre gongar sidan: i 1994, 1997 og 2001. Alle tre gongane skuldast fråveret dårlege plasseringar åra før. Belgia har vunne Eurovision Song Contest éin gong, då 13 år gamle Sandra Kim vann med «J'aime la vie» i Bergen i 1986. Belgia har delteke 63 gongar og har komme på sisteplass åtte gongar i Eurovision Song Contest.
Historikk
Belgia er eit av sju land som deltok i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Lugano i 1956. Sidan deltok Belgia kvart einaste år fram til 1994, då landet ikkje var kvalifisert på grunn av sisteplassen året før.
Deltakinga og ansvaret for å velje det belgiske bidraget har sidan byrjinga gått på rundgang mellom den franskspråklege kringkastaren
RTBF og den flamske kringkastaren VRT. Det gjorde at Belgia sine bidrag var skiftevis på fransk og nederlandsk fram til 1999, då språkregelen vart oppheva. Mens VRT ofte har vald sine bidrag gjennom ein nasjonal finale, Eurosong, har vallonske RTBF stort sett vald song og artist internt. Historisk sett har bidraga frå RTBF gjort det langt betre enn bidraga frå VRT. Sigeren og begge andreplassane kom frå RTBF, mens heile seks av åtte sisteplassar kom frå VRT. Den beste plasseringa til Flandern er to sjetteplassar.
Båe kringkastarane sender Eurovision Song Contest kvart år i Belgia. Kanalane har kvar sine kommentatorar og brukar separate telefonnummer når sjåarane skal ringe inn og røyste i tevlinga. Fans, sjåarar og politikere har fleire gongar ytra ønskje om at RTBF og VRT skal samarbeide om deltakinga til Belgia, men inntil vidare går ansvaret fortsatt på rundgang mellom dei to kringkastarane.[1]
Sisteplassar og siger
Belgia har tradisjonelt sett hatt moderat suksess i Eurovision Song Contest, ikkje ulikt innsatsen til Noreg. Som med Noreg, begynte Belgia med ei rekkje topp ti-plaseringar, før to sisteplassar fulgte på rad 1961 og 1962. Den tredje sisteplassen kom i 1965. Den mest kjende sisteplassen kom i 1993, då Barbara Dex song «Iemand als jij». Men det er ikkje plasseringa i seg sjølv som har fått mest merksemd, snarare Dex si sjølvsydde kreasjon, som seinare vart opphavet til Barbara Dex Award – ein årleg pris som delast ut til den verst kledde i Eurovision Song Contest.[2]
Trass sisteplassane har Belgia også gjort det bra i tevlinga. Belgia har to andreplassar frå 1978 og 2003, og i 2003 låg Belgia an til å vinne Eurovision Song Contest for andre gong før siste land skulle gi sine poeng. Til slutt vann Tyrkia tevlinga, berre to poeng foran det belgiske bidraget «Sanomi». Den fyrste og førebels einaste sigeren til Belgia kom i Bergen i 1986, med Sandra Kim og «J'aime la vie». Både før og under tevlinga, påstod Kim at ho var 14 år, men etter tevlinga kom det fram at ho berre var 13 år. Nokre år seinare innførte Den europeiske kringkastingsunionen 16-års aldersgrense for å deltake, og dimed vil Kim fortsatt vere den yngste vinnaren av Eurovision Song Contest gjennom tidene.
Som fylgje av sigeren i 1986 vart Eurovision Song Contest 1987 arrangert i Brussel, hovudstaden i Belgia. Tjueto land deltok det året, det høgaste talet deltakande land i ein Eurovision Song Contest-finale fram til 1992.
Oppsving frå 2010
Etter innføringa av semifinalar 2004, har Belgia berre kvalifisert seg til finalen fem av fjorten gongar. Same år som semifinale vart innført, var Belgia direktekvalifisert til finalen, etter tredjeplassen året før. Fyrste gongen Belgia kvalifiserte seg til finalen, var i Oslo i 2010, då Tom Dice vann sin semifinale og endte på sjetteplass i finalen - den beste plasseringa til Belgia sidan 2003, og den beste flamske plasseringa noko gong. Ein fjerdeplass følgde med Loïc Nottet i 2015, og året etter vart Laura Tesoro nummer ti i finalen. Ein ny fjerdeplass følgde med Blanche i 2017. Dette var fyrste gongen sidan 1978 at Belgia har oppnådd fleire topp ti-plasseringar på rad. Loïc Nottet vart nummer to i sin semifinale, Laura Tesoro vart nummer tre i sin semifinale og Blanche vart nummer fire i sin semifinale.
Rekkja med gode plasseringa fekk ein brå slutt i 2018, då Belgia ikkje kvalifiserte seg finalen. Heller ikkje i 2019 lykkast belgiske Eliot med å ta Belgia til finalen.