Henry Edward Ernest Victor Bliss (16. februar1869–9. mars1926) var ein britsk reisande som testamenterte to millionar dollar til eit fond til støtte for innbyggjarar i den dåverande kolonien Britisk Honduras, no Belize. Den 9. mars blir markert årleg som Baron Bliss-dagen i Belize.
I Belize City finn ein Bliss Institute, opphavleg eit museum, forskingssenter og bibliotek og no eit senter for utøvande kunst, Bliss School of Nursing og fleire andre helsetenester, i tillegg til eit fyrtårn med ein park rundt blei bygd som eit monument til Bliss.