«Bare det aller, aller beste» er ein song av Grynet Molvig og Nora Brockstedt frå 1965. Songen er skriven av Kristian Hauger og Jul Hansen.[1]
Eurovision
Melodi Grand Prix 1965
«Bare det aller, aller beste» deltok i Melodi Grand Prix 1965, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1965 i Napoli i Italia. Songen vart framført på norsk av Grynet Molvig med eit lite orkester, og så på nytt av Nora Brockstedt med eit stort orkester. Bidraget enda på tredjeplass med 1 544 røyster.[2][3]
Fotnotar