薔薇の葬列,
Bara no Sōretsu
|
Regi | Toshio Matsumoto |
---|
Manus | Toshio Matsumoto |
---|
Medverkande | Peter, Yoshio Tsuchiya |
---|
Musikk | Joji Yuasa |
---|
Sjeffotograf | Tatsuo Suzuki |
---|
Distributør | Art Theatre Guild |
---|
Utgjevingsdato | 1969, 13. september 1969 (Japan)[1] |
---|
Lengd | 105 minutt |
---|
Opphavsland | Japan |
---|
Språk | japansk |
---|
Sjanger | dramafilm, LHBT-tematisk film |
Bara no Sōretsu ('likfølgje av roser', engelsk Funeral Parade of Roses) er ein japansk dramafilm frå 1969, skriven og regissert av Toshio Matsumoto. Han er rekna som del av rørsla Den nye japanske bølgje (Nūberu bāgu).[2] Handlinga følgjer prøvelsane i livet til Eddie og andre transkvinner i Tokyo.[3] Filmen omfattar eit blodig trekantdrama.[4]
Filmen er rekna for å ha påverka Stanley Kubrick si filmatisering av Anthony Burgess sin roman A Clockwork Orange (1971).[5]
«Roser» (bara) i filmtittelen spelar på eit omgrep for feminine menn.[6]
Skodespelarar
- Pītā (ピーター, engelsk Peter) som Eddie
- Osamu Ogasawara som Leda
- Yoshio Tsuchiya som Gonda
- Emiko Azuma som mor til Eddie
- Toyosaburo Uchiyama som Guevara
- Don Madrid som Tony
- Koichi Nakamura som Juju
- Chieko Kobayashi som Okei
- Shōtarō Akiyama spelte seg sjølv
- Kiyoshi Awazu spelte seg sjølv
Kjelder
Denne artikkelen er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.