Bangkok (thai กรุงเทพฯ, กรุงเทพมหานคร, Krung Thep eller Krung Thep Maha Nakhon) er hovudstaden og den største byen i Thailand. Byen ligg på austsida av elva Chao Phraya, 40 km frå munningen av elva. I 2005 hadde byen 6 642 566 innbyggjarar, medan storbyområdet (Bangkok Metropolitan Region) omfattar 10 787 211 menneske.
Historie
Bangkok vart gjort til hovudstad i 1782 etter at den tidlegare hovudstaden Ayutthaya vart rasert av styrkar frå Burma. Hovudstaden vart grunnlagd av Rama I, som var den fyrste kongen i Chakri-dynastiet. Moderniseringa av byen tok til for alvor frå 1950-talet. Då vart dei fleste kanalane som gjekk gjennom byen tetta igjen og bygg i vestleg stil vart oppført.
Namn
Det fulle formelle og seremonielle namnet på byen er:
«Byen åt englane, den store byen, den evige juvelen, den uovervinnelege byen til Indra, den store hovudstaden i verda med ni verdfulle juvelar, den lukkelege byen, byen med eit stort kongeleg palass som liknar himlane der dei attfødde gudane herskar, ein by gjeven av Indra og bygd av Vishnukarn.»
Dette er det lengste stadnamnet i verda.[treng kjelde]
Namnet Bangkok er ifølgje ein teori avleidd frå eit tidlegare namn for området, sett saman av bang, 'landsby' eller 'distrikt', og makok, 'villplommer'.[2]
Administrasjon
Bangkok er eit av 76 fylke i Thailand.
Ulikt andre fylke, er Bangkok eit spesielt administrasjonsområde som har direkte val av ein guvernør for ein periode på fire år. 22. mai 2022 blei Chadchart Sittipunt vald til guvernør etter eit opphald i val sidan militærkuppet i Thailand i 2014.[3]