Albumet vart spelt inn i Los Angeles i januar og februar 2003.[4] Det er òg kjent for å vera det første Deep Purple-albumet med Ian Gillan i front som nyttar seg av annan korvokal enn Gillans eigen (sidan innspelinga av låten «Woman From Tokyo» i Tyskland i 1972, der Jon Lord og Roger Glover song korvokal), med låten «Haunted» med Beth Hart. Albumet inneheld «Contact Lost», eit kort, langsamt instrumentaltrekviem for astronautane på Romferja Columbia, skriven av gitaristen Steve Morse då han høyrde nyheita om Romferja Columbia-katastrofen.[6]
Biletet på albumomslaget vart teke av manageren til bandet Bruce Payne.[7]
Bananas gjorde det bra på hitlistene trass i manglande medieeksponering, spesielt i Europa og Sør-Amerika (særleg i Tyskland og Argentina, der han nådde topp 10).[8]
Upubliserte låtar
Sidan albumet Abandon har Deep Purple framført tre nye låtar på scena. «Long Time Gone» vart debutert sommaren 2000, men vart ikkje teke med på Bananas. Ein annan ny song, «Up The Wall», vart spelt på turneen i Storbritannia i 2002 og omarbeidd til «I Got Your Number». Instrumentallåten «Well Dressed Guitar» heldt fram med å vere upublisert fram til neste album, Rapture of the Deep frå 2005.[9]