Øygruppa er ein autonom region og ein provins i Spania med Palma som hovudstad. Dei fire største øyane i øygruppa er Mallorca, Menorca, Ibiza og Formentera. Øygruppa har to offisielle språk, spansk og katalansk. Dei fleste innbyggjarane er katalansktalande.[5]
Historie
Antikken
Dei eldste spor etter bustenda på Balearabe er datert til 200-talet f.Kr., kring 2500-2300 f.Kr., av folk knytte til klokkebegerkulturen.[6][7]
Ein kjenner lite til dei tidlegare innbyggjarane på øya i antikken, men det finst mange segner. Grekarane kalla øyane «Gymnesiae», der gymnos har tydinga ‘naken’. Lycofron fortal at nokre skipbrotene grekarar frå Viotía blei kasta nakne opp på øyane. Diodorus Siculus skreiv at øyane fekk namnet sitt på grunn av att innbyggjarane gjekk nakne om sommaren.[8] Ein annan tradisjon fortel at øyane blei koloniserte frå Rhodos etter Trojakrigen.[9]
I antikken bygde øybuarane på Mallorca og Minorca talayotar og var kjende for å vere dyktige med slynge. Med slyngene sine tente dei som leigesoldatar, først under Kartago og seinare under romarane.
fønikarane tok tidleg over øyane[10] og spor etter koloniseringa deira er bevart i byen Mago (Mahon på Menorca). Etter at Kartago fall, vart øyane i praksis sjølvstendige. Romarane erobra øyane med Q. Caecilius Metellus, som så fekk etternament Balearicus, i 123 f.kr.[11]Metellus let 3000 romerske og spanske nybyggjarar slå seg ned på den større øya og grunnla byane Palma og Pollentia.[12] Øyane høyrte under Romarriket til Carthago Nova (i dag den moderne Cartagena) i provinsen Hispania Tarraconensis. Dei vart seinare ein eigen provins, truleg i samband med delinga av riket under Konstantin.[13]
Dei to største øyane hadde mange gode hamner, men med mange klipper ved innseglinga måtte ein ofte vere forsiktig. Begge øyane var særs frodige og dei vart godt likt for både det dei dyrka og dyra dei avla. Det viktigaste mineralproduktet var raudjord, kalla sinope, som vart nytta av målarar.[14]
Delen av Middelhavet aust for Spania, rundt Balearane, vart kalla Mare Balearicum.[15] eller Sinus Balearicus.[16]
Balearane var ofte utsett frå berbiske sjørøvarar frå Nord-Afrika og Formentera vart til og med heilt forlaten av innbyggjarane. I 1514, 1515 og 1521 vart kysten av Balearane og det spanske fastlandet plyndra av tyrkiskekaperar og den osmanske admiralen Hayreddin Barbarossa. I 1588 vart øyane plyndra og raserte av den orsmanske korsaren Turgut Reis, og 4000 menneske blei tekne som slavar.[17]
Øyane hadde avgrensa konfliktar under den spanske borgarkrigen 1936-1939. Menorca og Formentera var lojale til [[Den andre spanske republikken
|dei republikanske styresmaktene]], medan resten av øyane støtta nasjonalistane. Republikanske styrkar tok Ibiza tidleg i krigen, men klarte ikkje ta full kontroll over Majorca i slaget om Majorca i august 1936. Nasjonaliststyrkar gjenerobra Ibiza i september 1936. Menorca blei okkupert av nasjonalistane i februar 1939 etter slaget om Menorca.
Geografi, politikk og kultur
Sjølve Balearane er Mallorca og Menorca, i tillegg til nokre andre mindre øyar, som i lag dannar eit autonomt område i Spania. Dei største øyane i regionen er Mallorca, Menorca, Ibiza, Formentera, som alle er populære turistdestinasjonar. Av dei mindre øyane finn ein Cabrera, som ligg i Parc Nacional de l'Arxipèlag de Cabrera. Øyane kan vidare delast inn i Islas Gimnesias med Mallorca, Menorca og Cabrera, og Pityusarane med Ibiza og Formentera.
Hovudstaden i området er Palma de Mallorca. Innbyggjarane har lang tradisjon med å livnæra seg av fiske og jordbruk med sitrusfrukter, tomatar, mandlar, oliven, havre, druer, poteter og bønner. Sidan midten av 1900-talet har turisme vore ei viktig næring.[5]
↑Strab. xiv. p. 654; Plin. l. c "The Rhodians, like the Baleares, were celebrated slingers" Sil. Ital. iii. 364, 365: "Jam cui Tlepolemus sator, et cui Lindus origo, Funda bella ferens Balearis et alite plumbo."