Australian Capital Territory (Det australske hovudstadsterritoriet) er eit føderalt territorium i Australia, som vart oppretta for å innehalda den australske hovudstaden Canberra. Området vart overført frå New South Wales til den føderale regjeringa i 1911, og bygginga av den nye hovudstaden byrja i 1913. I 1927 flytta den australske hovudstaden formelt til byen. Territoriet omfattar eit større område enn sjølve byen – det totale arealet tilsvarar omtrent arealet til Vestfold.