Audun Sjøstrand (fødd 11. april 1950 på Radøy)[1][2] er ein norsk kriminalforfattar og lektor. Han debuterte i 1985 med kriminalromanen Hundemordet og fylgde opp med Ureint trav i 1987 og Valsekongens fall i 1991.[3]
Hovudpersonane i bøkene er lensmannen Peder Moe og lensmannsbetjenten Jørgen Asbjørnsen.[1] I debutboka, som var den fyrste reine kriminalboka som kom i skuleutgåve[3], etterforskar dei narkotikasmugling i Øygarden.
Han har arbeidd som lektor i den vidaregåande skulen og skrive i Gula Tidend. Han er bokmeldar i Bergens Tidende.
For Hundemordet fekk Sjøstrand Melsom-prisen i 1986, og for Valsekongens fall fekk han Rivertonprisen i 1991.[3]
Bøker
- 1985 – Hundemordet – kriminalroman
- 1987 – Ureint trav – kriminalroman
- 1991 – Valskekongens fall – kriminalroman
Litterære prisar
Referansar
Bakgrunnsstoff