Atlántico er eit departement nord i Colombia som grensar til nabodepartementa Magdalena og Bolívar. I nord grensar han til Atlanterhavet. I tillegg til hovudstaden i departementet Barranquilla er Galapa, Malambo og Sabanalarga viktige byar. Atlántico er det tredje minste departementet i landet, etter departementet San Andrés, Providencia og Santa Catalina og Quindío. Departementet hadde i 2013 ein folkesetnad på om lag 2 403 027, noko som gjer han til ein av dei tettaste folkesette provinsane i Colombia med 709 innbyggjarar per kvadratkilometer.
Kjelder
- Denne artikkelen er ei omsetjing av samsvarande artikkel på Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2015, artikkelen der gav den gongen inga kjelde
Bakgrunnsstoff