«Locomotive Breath» Utgjeve: 1971 (USA og Europa, utanom Storbritannia)
Aqualung er det fjerde studioalbumet til rockebandetJethro Tull. Det kom ut i 1971 og vart, sjølv om bandet var usamd, kalla eit konseptalbum med tema kring skilnaden mellom religion og Gud, hovudsakleg korleis organisert religion hadde avgrensa forholdet mellom menneske og Gud.[1] På albumet vert det grubla hartd over tru og religion og er eit av dei mest intelektuelle albuma som har nådd ut til millionar av lyttarar.[2] Suksessen til Aqualung var eit vendepunkt i karrieren til bandet og dei vart eit stort radio- og konsertband.
Det vart spelt inn i Island Records sine studio i London og var det første albumet med John Evan som fulltidsmedlem og det første med den nye bassisten Jeffrey Hammond, samt det siste med Clive Bunker på trommer. Albumet skil seg noko frå dei tidlegare albuma til bandet og har fleire akustiske songar enn før og har fleire tilbakevendande tema inspirert av bilete av heimlause folk ved Themsen, som var teken av kona til songaren Ian Anderson, Jennie.
Aqualung har seld over 7 millionar eksemplar verda over og er dermed det bestseljande albumet til Jethro Tull. Det har generelt fått god kritikk og er ofte inkludert på musikkmagasina sine ymse lister over beste album. Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «Hymn 43», som har vorte omtalt som ei inspirasjonskjelde for band som Iron Maiden.
Produksjon
Etter ein amerikansk turne i 1970, fekk bassist Glenn Cornick sparken frå bandet,[3] og vart erstatta av Jeffrey Hammond, ein gammal ven av Ian Anderson.[4]Aqualung vart den første innspelinga til Hammond med bandet. Det var òg første gongen John Evan var med som fulltidsmedlem i bandet, og tidlegare hadde han berre lagt oppå klaverinstrument på det førre albumet , Benefit. Albumet var eit av dei første som vart spelte inn i det nyopna studioet til Island Records i Basing Street i London. Led Zeppelin spelte inn det fjerde albumet sitt samstundes. I eit intervju på 25-årsjubileumsutgåva til albumet sa frontmann Ian Anderson at det var særs vanskeleg å spele inn i dette studioet, fordi det hadde ei «frykteleg, kald og ekko-aktig» kjensle.[5] Det var to platestudio på staden. Led Zeppelin arbeidde i det minste og Tull i det største,[6] som var rommet i ei omgjort kyrkje. Orkesteret vart arrangert av David Palmer, som hadde arbeidd med bandet sidan This Was, og som seinare vart fast medlem i bandet på klaverinstrument. Aqualung var det siste albumet med Clive Bunker på trommer, sidan han slutta kort tid etter innspelinga var over for å vere meir med familien sin.[5]
Musikalsk stil
Songane på albumet dekkjer fleire sjangrar, med element av folk, blues, psykedelia og hardrock.[7] Dei «rifftunge» songane som «Locomotive Breath», «Hymn 43» og «Wind Up» vert rekna som ein faktor til at bandet fekk så stor suksess med albumet og gjorde Jethro Tull til eit av dei største banda på denne tida.[2] Stilmessig skil albumet seg frå tidlegare Jethro Tull-album og mange av songane på Aqualung er hovudsakleg akustiske. «Cheap Day Return», «Wond'ring Aloud» og «Slipstream» er korte, heilakustiske «mellomspel» og «Mother Goose» er òg hovudsakleg akustisk. Anderson hevda at den største inspirasjonskjelda hans for å skrive albumet var Roy Harper og Bert Jansch.[5]
Tema
Aqualung vert ofte rekna som eit konseptalbum der det sentrale temaet er «skilnaden mellom religion og Gud».[1]
Den opphavlege ideen til albumet kom frå nokre fotografi som kona til Anderson, Jennie hadde teke av heimlause folk ved Themsen. Særleg ein mann fanga interessen til paret, som i lag skreiv tittelsongen «Aqualung».[8] Den første sida av LPen, kalla Aqualung, innheled fleire personskildringar, inkludert personen i tittelsporet, og ei prostituert skulejente, «Cross-Eyed Mary», samt to sjølvbiografiske spor, som «Cheap Day Return», skriven av Ian Anderson etter å ha vitja den alvorleg sjuke faren.[9] Den andre sida, med tittelen My God, inneheld tre songar - «My God», «Hymn 43» og «Wind-Up», som omhandlar religion i ein sjølvgranskande, og stundom uærbødig, måte. Trass i namna gjevne til dei to sidene av albumet har Anderson heile tida hevda at Aqualung ikkje er eit konseptalbum. I eit intervju som finst på Aqualung Live i 2005 snakkar Anderson om dette:
Eg sa alltid på den tida at dette ikkje er eit konseptalbum; det er berre eit album med forskjellige songar med forskjellige instrument og intensitet, der tre eller fire av dei er hovudstykka for albumet, men det gjer det ikkje til eit konseptalbum. Då eg skulle skrive det neste albumet, Thick as a Brick, så vart det gjort litt slik at: 'Høh, om dei trudde Aqualung var eit konseptalbum, vel, ok, då skal me gje dei eit konseptalbum.' Så det var ein slags parodi på konseptalbumsjangeren ... men sjølve Aqualung syns eg aldri har vore eit konseptalbum. Berre i samling songar.[10]
Trommeslagar Clive Bunker meiner at synet på plata som eit konseptalbum berre var eit tilfelle av «kviskreleiken», og sa at «du spelar plata til eit par amerikanarar, fortel dei at det er eit tekstmessig tema som laust knyter saman nokre av songane, og så ser Aqualung-karakteren på plateomslaget, og brått så har Jethro Tull laga eit konseptalbum.»[5]
Andre songar
«Lick Your Fingers Clean» vart spelt inn for Aqualung, men kom ikkje med på den endelege utgåva. Songen vart drastisk omarbeidd til «Two Fingers» for albumet War Child i 1974. «Lick Your Fingers Clean» vart til slutt gjeven ut i 1988 på 20 Years of Jethro Tull og sidan som bonusspor på 1996-utgåva av Aqualung.
Ein annan song, «Wond'ring Again», vart spelt inn tidleg i 1970, men kom heller ikkje med på den endelege utgjevinga. Denne kom etter kvart ut på samlealbumet Living in the Past i 1972. Delar av songen er inkludert på Aqualung som «Wond'ring Aloud». Glenn Cornick spelte bass på songen og sa det var favorittsongen hans av dei han spelte inn med bandet.[5] Cornick spelte òg bass på tidlege studioutgåver av «My God» og nokre andre songar, men han sa ikkje kva andre desse var.[5]
Plateomslaget
Det originale plateomslaget vart laga av Burton Silverman og består av ein akvarell av ein langhåra, skjeggete mann i fattigslege klede. Ideen til omslaget kom frå eit fotografi kona til Anderson tok av ein heimlaus mann ved breidda av Themsen, og Anderson følte seinare det hadde vore betre om dei hadde nytta fotografiet i staden for å bestille måleriet.[8] Ian Anderson hugsar at han var modell på eit fotografi for måleriet, men i følgje Silverman er det eit sjølvportrett. Kunstverket vart bestilt og kjøpt av sjef i Chrysalis Records, Terry Ellis.
Utgjeving
I april 1971 nådde Aqualung fjerdeplassen på den britiske albumlista, og då CD-versjonen vart gjeven ut i 1996 nådde denne 52. plass.[11] Det nådde sjuandeplassen på Billboard-lista i USA, medan singelen «Hymn 43» nådde 91. plass på Billboard Hot 100.[12] Albumet har seld over sju millionar eksemplar og er det bestseljande albumet til bandet.[13]Aqualung var eit av to Jethro Tull-album som vart gjeven ut i kvadrofonisk lyd, i tillegg til War Child. Den kvadrofoniske versjonen av «Wind Up», som ligg i ein høgare toneart, finst på seinare CD-utgåver som «Wind Up (quad version)».[13]
Albumet vart gjeve ut i ei 40-årsjubileumsutgåve i oktober 2011. Denne utgåve inneheld ein ny stereo- og ein 5.1 kringlydmiks av albumet laga av Steven Wilson frå Porcupine Tree. Det kom i forskjellige utgåver - ein «samleutgåve» med albumet på ein LP og to CDar, samt DVD og Blu-ray med ei lita bok, og ei «spesialutgåve» med to CDar og ei bok.[14]
Då Aqualung kom ut fekk det gode meldingar. Rolling Stone hylla det gode musikalske handverket og kalla det seriøst og intelligent, men følte at det seriøse ved albumet undergravde kvaliteten.[1]Sounds sa at «smaken og variasjonen» gjorde det til det beste albumet til bandet.[22]Robert Christgau var meir kritisk til albumet og gav det C+, og kalla tekstane til Anderson ufullstendige og pretensiøse.[23]
Ettermæle
Allmusic gav albumet 4,5 av 5 og kalla det «eit modig bodskap» og «ekstremt djupt».[2]Steve Harris, bassisten i heavy metal-bandet Iron Maiden, har kalla Aqualung «eit klassisk album» og hylla «den fantastiske spelinga, dei fantastiske songane, haldninga og kjensla». Iron Maiden spelte sidan inn «Cross-Eyed Mary» som B-sida til singelen deira «The Trooper» i 1983.[5] Sean Murphy melde 40-årsutgåva albumet for PopMatters og gav albumet ti av ti. Murphy skreiv at Aqualung «er utan tvil ein hjørnestein i den då byrjande prog-rock-kanonen, men det stod og står framleis på eigne bein som eit storarta rockealbum, punktum.» Murphy roste òg tilleggsmaterialet i denne utgjevinga.[24]
Aqualung finst òg på mange albumlister. Rolling Stone inkluderte albumet på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene, på ein 337. plass,[25] medan det britiske magasinet Q sette det på sjuandeplassen på lista over «40 Cosmic Rock Albums».[26][27] Soloen til Martin Barre på tittelsporet vart av magasinet Guitarist rekna som den 20. beste gitarsoloen gjennom tidene.[28]
Innhald
Alle songar er skrivne av Ian Anderson, bortsett frå der anna er nemnd.
Glenn Cornick – bassgitar (spelte med bandet på øvingar for albumet i juni 1970 og kan ha vore på somme innspelingar - særleg dei tidlege versjonane av «My God» og «Wondring Again/Wondring Aloud» – sjølv om han ikkje er oppført på albumet)