Andreas av Kreta er ein ortodokshelgen som var biskop på Kreta på 700-talet. Han vart fødd i Damaskus i Syria på rundt 660-talet. Han var stum før han ein gong fekk nattverd, da han var sju år gamal.
Andreas tok grunnutdanninga si i Damaskus. Der vart han kjend med logikk, retorikk og antikk filosofi. Som fjortenåring reiste Andreas for å bli munk i klosteret Mar Saba, for han ønskte å tene Gud. Her vart han kjend for sin audmjukskap, intellekt og strenge liv.
St. Andreas er kjent som prest og kyrkjeleg diktar. Han har skrive mange inspirerte bøner og kyrkjelege songar, og skreiv den store angerkanonen, som vart lesen i kyrkjer under den stor fastetida. Han skreiv òg ein kanon til jul og andre festdagar.