Andreas Mathias Sanne (5. desember 1809–31. juli 1892) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar.
Sanne var fødd i Molde. Han var kontorist hos sorenskrivaren i Romsdal i ei ti års tid. I 1834 vart han eksaminert jurist, og året etter sorenskrivarfullmektig i Bamble i Telemark. 1836-39 hadde tilsvarande stilling i Romsdal. Frå 1844 var han undrerretsprokurator i Ålesund. Han var medlem av bystyret i Ålesund 1845-51, ordførar eit par år. Frå 1846 var han med i leiinga av 'Aalesunds Sparebank', direksjonsformann frå 1868.
Sanne representerte Ålesund og Molde på Stortinget 1851 og på nytt i 1854. Sekretær i desisjonskomiteen (nemnda som kontrollerte riksrevisjonen) 1851, formann i same 1854.
Han døydde i Ålesund.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914