Andreas Nilsen Fjeld (fødd 3. april 1853) var ein norsk snikkar, gardbrukar og stortingsmann frå Modum. Han var tingmann for partiet Venstre.
Far til Fjeld forpakta eit gardsbruk i Modum. Sjølv lærde han seg til snikkar i Drammen åra 1869-73. Dei tre neste åra gjekk han i lære utanlands, i København, Hamburg og Berlin. Tida 1877-97 var han arbeidsformann ved Sjåstad Trevarefabrikk i Lier. Han kjøpte garden Fjell i Lier i 1882, der han satsa sterkt på hagebruk.
Fjeld representerte Buskeruds amt og partiet Venstre på Stortinget i perioden 1898-1900. Han var medlem av sosialkomiteen. Fjeld var også medlem av heradsstyret i Lier, og han var formann i «arbeidskomiteen for boligbanken med flere hverv».
Kjelder