Anderssen reiste frå Selje til Bergen for å søke teneste i 1867, og innan 1875 hadde han utdanna seg og etablert seg som sjølvstendig fotograf[1]. Anderssen dreiv atelier på ulike adresser i Bergen fram til 1907. Dei eldste bileta hans er påført adressa "James Hansen Gaard på Strandgaden" [2], det vil seie Strandgaten 26. Seinare flytte Anderssen atelieret sitt til Halvkandebakken 4 (perioden 1885-1902) og deretter til Rosenbergsgate 17 (perioden 1902-1907). I 1907 flytta Anderssen verksemda si for siste gong, denne gongen til Veblungsnes i Indre Romsdal. Produksjonen til Anderssen indikerer at oppdragsfotografering rundt om i bygdene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har vore ein del av inntektsgrunnlaget hans[3].
Norsk Forfatter-Galleri og Norsk Kunstner-Galleri
I løpet av 1880- og 1890-åra utførte Andreas Mathias Anderssen eit større oppdrag for Mathias Askevold som hadde samla inn bilete av kjente kulturpersonar i samtida. Samlinga til Askevold omfatta hovudsakleg bilettypar som maleri, tresnitt og litografi. Anderssen fekk i oppdrag å avfotograferte heile biletsamlinga. Anderssen sine reproduksjonar er i dag å finne ved Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen i form av 8 store album med namna Norsk Forfatter-Galleri og Norsk Kunstner-Galleri.