Anders Monsen Askevold (25. desember1834–22. oktober1900) var ein norsk kunstmålar, ofte kalla berre Anders Askevold. Han er kjend for landskapsmåleri av vestlandsfjordar med dampbåtar og nokre hus i biletet, og for å ha teke med husdyr som ein naturleg del av det norske landskapet.
Anders Askevold var fødd i Askvoll i Sunnfjord, der far hans, Mons Askevold, var kyrkjesongar. Han utdanna seg til kunstmålar i Düsseldorf som elev av Hans Gude. Askevold kom til Düsseldorf i 1855 og blei verande der i 3 år, før han fortsette studia i Paris og München.
I 1866 flytta Anders Askevold tilbake til Noreg og slo seg ned i Bergen. Det var særs vanskeleg å livnæra seg som kunstmålar i Noreg på denne tida, og det gjekk lang tid før kjente norske målarar våga å slå seg ned i heimlandet. I Bergen gav Askevold undervising til lovande unge kunstnarar, mellom anna Ole Juul fra Vågan.