And I'll Scratch Yours er eit samlealbum utvikla av den engelske rockemusikaren Peter Gabriel. Albumet skulle opphavleg kome ut i 2010, men kom først ut 24. september 2013.
Det originale konseptet var at And I'll Scratch Yours skulle kome samstundes med albumet Gabriel spelte inn med coverversjonar, Scratch My Back. Ideen var at artistane Gabriel covra på Scratch My Back skulle spele Gabriel sine songar på And I'll Scratch Yours. Fire av artistane avstod derimot frå å spele inn versjonar av Gabriel sine songar. Denne utgåva skil seg dermed frå det opphavlege konseptet ved at to nye artistar, Feist og Joseph Arthur, bidreg med songar til albumet. Artistane som avstod var Radiohead, David Bowie, Neil Young og Ray Davies. I staden for Bowie spelte Brian Eno, som hadde vore med å skrive Bowie sin «Heroes», inn «Mother of Violence».
Regina Spektor, Randy Newman og Arcade Fire leverte inn sine bidrag seinare enn venta og var litt av årsaka til at albumet vart utsett.[4]
Innhald
Alle songane er skrivne av Peter Gabriel utanom «Mother of Violence,» skriven av Peter Gabriel og Jill Gabriel.
Kjelder
|
---|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Filmmusikk | |
---|
Samlealbum | |
---|
Tyskspråklege album | |
---|
Anna | |
---|