79°40′N 10°30′E / 79.667°N 10.500°E / 79.667; 10.500
Amsterdamøya er ei 18,8 km² stor øy nær Albert I Land ved nordvesthjørnet av Spitsbergen.
Smeerenburg på Amsterdamøya var eit av hovudkvartera for dei nederlandske kvalfangarane på 1600-talet, og øya har fått namn etter den nederlandske hovudstaden Amsterdam.
Like sør for øya ligg Danskøya på motsett side av det smale Danskegattet, og i aust går Smeerenburgfjorden som eit skilje mellom øyene og Vasahalvøya på fastlandet.
Området ligg i Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.
Kjelder