Ein amatør (av franskamateur, jfr. latinamare, elske) er ein person som utøver ein kunstart, ein idrett eller eit fag av interesse eller som hobby, og ikkje på yrkesmessig, profesjonelt vis.
Mange av dei som utviklar open kjeldekode er amatørar, på det viset at dei utfører arbeidet på fritida utan betaling.
Amatørar innan idrett
Omgrepet amatør spelte ein stor rolle innan idretten fram til 1980-talet, då mange idrettstevlingar var reserverte for amatørar. Viktigast i så måte var dei olympiske leikane. Denne strenge inndelinga mellom amatørar og profesjonelle tok form på 1800-talet. Den som tok imot pengar for idrettsprestasjonar kunne bli stengd ute frå amatørtevlingar for ei viss tid eller på livstid. Når mange idrettsutøvarar fekk tilsetjing som offiserar eller anna vart det ofte oppfatta som ein freistnad på å omgå dette regelverket.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!