Alt for Norge var det valspråket kong Haakon VII tok då han vart innsett som konge i 1905. Sidan har både sonen kong Olav V[1] og sonesonen kong Harald V[2] teke det same valspråket. Det vart også nytta norske motstandsfolk imellom under andre verdskrigen.
Kong Haakon
Mottoet vart kunngjort av prins Carl 18. november 1905 i talen han heldt som svar til den norske delegasjonen som var sendt ut for å tilby han å verta konge av Norge. Prins Carl avslutta talen med: «Mit liv vil jeg hellige Norges vel, og det er min hustrus og mit inderlige ønske, at det folk, der har valgt os, vil enigt samarbeide og stræbe frem imod dette store maal, og med fuld fortrøstning kan jeg da som mit valgsprog tage: Alt for Norge.»[3]
Bruk
Galleriet viser nokre døme på bruk av valspråket «Alt for Norge». I tillegg har fleire norske myntar vore dekorerte med valspråket i lag med kongelege portrett og monogram.
-
Patriotisk postkort frå rundt 1905 med Haakon VII som riddarkonge i rustning og valmottoet «Alt for Norge».
Foto:
Norsk Lystryk- & Reproduktionsanstalt (Kristiania)/Nasjonalbiblioteket
-
Postkort frå 1906 med portrett av kong Haakon VII og valspråket «Alt for Norge» på ein bakgrunn av dei norske
nasjonalfargane.
Foto:
Nasjonalbiblioteket
-
Patriotisk postkort frå hundreårsjubileet for
den norske grunnlova 1814-1914, dekorert med bilde av kongen,
dronninga og
arveprinsen,
Slottet i Oslo og mottoet til kongen.
Kunstner / utgiver / eier:
Christian Magnus/C.A. Erichsen (Christiania) / Nasjonalbiblioteket
-
Roald Amundsen i kahytten på
«Gjøa» etter at han hadde sigla gjennom Nordvestpassasjen 1906.
Foto: Harry Randall/Nasjonalbiblioteket
-
Kongens fortjenstmedalje i sølv frå kong Haakon VII si tid (tildelt 1939). Medaljen har påskrifta «Alt for Norge».
-
Strikka
vanter med Haakon VII sitt valspråk og
monogram, i lag med okkupasjonsdatoen
9. april 1940, som støtte til kongen og ein protest mot
Nasjonal Samling (NS) og dei tyske styresmaktene i krigsåra 1940–1945.
-
Alt for Norge var ei norsk
illegal NKP-avis under andre verdskrigen.
-
Tyskvennleg propagandaplakat frå andre verdskrigen viser ei kjempebombe med monogrammet til kong Haakon VII over eit norsk handelsfartøy og den
ironiske tittelen «Alt for Norge!»
-
Baksida på norsk einkronemynt frå 1941 med mottoet og relieff av ordensteiknet for
Den Kongelige Norske St. Olavs Orden
-
173 nordmenn i den norske flyktningleiren på
Öreryd i
Jönköpings län i Sverige hyller kong Haakon på 70-årsdagen 3. august 1942.
Annan bruk (utval)
Det er også gitt ut fleire bøker med Alt for Norge som tittel, mellom anna Yngve Woxholth si krigsberetningsbok Alt for Norge frå 1965[4], Pål Espolin Johnsons Alt for Norge : historien om et utvær frå 1975[5] og Frode Øverli si teikneseriebok Pondus Alt for Norge frå 1998.[6]
Kjelder