All India Radio (AIR), sidan 1956 kjend på lufta som Akashvani, er ein statleg indisk radiokringkastar og ein del av det offentlege kringkastingsselskapetPrasar Bharati. AIR blei skipa i 1936. Han omfattar 414 radiostasjonar i India som til saman når rundt 99 % av indarar.[1]
Kringkastaren har ein nasjonal kanal som blir send til 65 % av India og når rundt 76 % av innbyggjarane. Programma på denne kanalen er på hindi, engelsk og urdu med noko musikk på andre indiske språk.[2]
Kringkastaren sender innanriksprogram på 23 språk og 146 dialektar, mens utanrikssendingane går på 17 indiske språk og ti internasjonale.[3]