Aljaksandr Pawlavitsj Hljeb (fødd 1. mai 1981 i Minsk) er ein kviterussisk fotballspelar som har spela for Wolfsburg i tysk Bundesliga på lån frå Barcelona, og for det kviterussiske landslaget.
Hljeb vart seriemeister i Kviterussland med BATE i 1999 og i Spania med Barcelona i 2009. Han var òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Barcelona i 2009. Han har vorte kåra til årets kviterussiske fotballspelar seks gonger, i 2002, 2003, 2005, 2006, 2007 og 2008. Hljeb debuterte for Kviterussland sitt A-landslag i 2001 som innbytar i ein kamp mot Wales. Han skåra det første landslagsmålet sitt i april 2002 mot Ungarn. Han var landslagskaptein første gong 22. august 2007 i ein kamp mot Israel.
Bror hans, Vjatsjaslaw, har òg vore kviterussisk landslagsspelar i fotball.