Inntrengarar frå Katalonia busette seg på staden etter å ha fordrive den opphavlege befolkninga i 1372. Katalansk var offisielt språk fram til 1600-talet. I dag talar eit mindretal av innbyggarane i Alghero ein katalansk dialekt. Dei siste lingvistiske undersøkingane viste at 22,4 % av folket har alguerisk katalansk som førstespråk, og at 90% av innbyggarane i byen forstår språket.