* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Alessandro Nesta (fødd 19. mars1976) er ein italienskfotballspelar frå Roma. Nesta har spela for dei italienske klubbane SS Lazio og AC Milan. I 2006 var han med å vinne verdsmeisterskapen i fotball. Han spela då sin 78. og siste landskamp for Italia. To gongar vann han Meisterligaen med AC Milan og ein gong Cupvinnarcupen med Lazio. Dessutan har han vore med å vinne tre italienske sereiemeisterskap og tre italienske cupmeisterskap. I alle år var Nesta midtstoppar.
Klubbspel
Nesta debuterte for Lazio i Serie A den 13. mars 1994, i ein kamp mot Udinese. Fram til 2002 spela han 193 kampar og skåra eitt mål for Lazio. Sommaren 2002 gjekk han til AC Milan og spela for den klubben i ti sesongar. Gjennom dei ti åra skåra han sju gongar på 222 kampar.
Landslagsspel
Nesta debuterte for Italia mot Moldova 5. oktober 1996. Under EM i fotball 2000 var han med då Italia tapte finalen 2-1 for Frankrike, det avgjerande målet kom i ekstraomgangane. I si siste store meisterskapsturnering, VM i fotball 2006, vart han verdsmeister då Italia vann straffeskytinga over Frankrike, etter ein kamp som enda 1-1. Han spela då sin 78. og siste landskamp, utan nokon gong å han skåra eit landslagsmål.
Meistertitlar og medaljar
VM-gull 2006 for Italia
EM-sølv 2000 for Italia
Vinnar av Meisterligaen 2003 og 2007 med AC Milan
Vinnar av Cupvinnarcupen 1999 med SS Lazio
Italiensk seriemeister med SS Lazio 2000 og AC Milan 2004 og 2011
Vinnar av den italienske fotballcupen med SS Lazio 1998, 2000 og med AC Milan 2003