Aleksandra og Alexandra er kvinnenamn danna av mannsnamna Aleksander/Alexander. Desse er latinske former av det greske namnet Alexandros, som er danna av aléxein, 'forsvare', og andrós, 'mann'.
I 2009 var det 1 521 norske kvinner som heitte Alexandra og 708 som heitte Aleksandra. Bruken av Alexandra har vakse sidan 1960-talet, og nådde ein foreløpig topp ved byrjinga av 2000-talet, då over 0,30 % av nyfødde jenter fekk namnet.
Namnedag
Aleksandra har namnedag den 17. februar i Noreg og Alexandra har namnedag på same dato i Sverige.