Rou var son av ein irsk ingeniør, Arthur Rowe, som var komen til Russland i 1905 for å setja i gang mjølproduksjon, og ei gresk mor, Julia Karageorgia.[1] Faren arbeidde i Jurjevets. Han forlet familien og vende tilbake til Irland i 1914.
I 1930 blei Rou tilsett ved Mezhrabpomfilm, der han mellom anna var assistentregissør for Jakov Protazanov. Frå 1937 arbeidde han ved studioet Soyuzdetfilm, seinare kjent som Gorkij filmstudio. Den fyrste filmen hans, Po sjtsjuutsjemu veleniju (russiskПо щучьему веленью, 1938), bygde på eit skodespel Jelizaveta Tarakhovskaja hadde skrive over eventyret 'Som gjedda sa' og handla om Jemelja, ein fattig bondegut som får ei tverr prinsesse til å dansa og le. Han regisserte over 20 fantasifilmar som blei enormt populære og bidrog til ei auka interesse for slike filmar blant seinare filmskaparar.
Rou døydde på eit sjukehus i Moskva i 1973 medan han heldt på å laga den siste filmen sin, Finist – jasnyj sokol, basert på eventyret 'Fjøra til falken Finist' og dikt av Mikhail Nozjkin. Gennadij Vasiljev fullførte filmen, som kom ut i 1976.
Døme på filmar
Po sjtsjuutsjemu veleniju (russiskПо щучьему веленью, 1938)