Aleksandr Nevskij-klosteret er eit kloster i St. Petersburg i Russland og var eit av dei fire viktigaste klostera før revolusjonen i 1917. Peter den store grunnla klosteret i 1710. Det har namn etter mellomalderfyrsten og helgenen Aleksandr Nevskij, og huser relikviane hans. Nevskij er mellom anna kjend for sigeren sin i slaget ved Neva som fann stad rundt 19 km unna klosterstaden.[1]