Aleksandr Andrejevitsj Bessmertnykh (fødd 15. september 1986) er ein russisk langrennar frå Berjozovskij i Russland. Han vann sølvmedaljen på 15 km under Ski-VM 2019 i Seefeld. Elles har han gått ein etappe for tre russiske sølvlag i 4 x 10 km stafett; fyrste gongen under Vinter-OL 2014, sidan i ski-verdsmeisterskapane 2017 og 2019. Perioden 2013-19 oppnådde Bessmertnykh tre andreplassar og like mange tredjeplassar i tevlingar i verdscupen i langrenn.
Kjelder
Bakgrunnsstoff