The Sun Ain't Gonna Shine Anymore er det andre amerikanske albumet av den amerikanskepopgruppaThe Walker Brothers. Albumet kom ut i 1966 og var det fjerde albumet deira i alt.
Portrait vart ikkje gjeven ut i USA. I staden sette Smash Records i saman The Sun Ain't Gonna Shine Anymore som den andre plata til gruppa i Amerika.[1] Dette alternative albumet endra på rekkefølgja og dei fleste av songane var byta ut. Berre «Just For a Thrill», «Old Folks», «People Get Ready» og «Take It Like a Man» var att frå Portrait. Resten av albumet vart fylt med A-sider, B-sider og songar frå den første EPen deira, I Need You. Den siste songen, «Don't Fight It», vart ikkje gjeven ut andre stader.