Al Mukalla (arabisk المكلا, Al Mukallā) er ein hamneby og det administrative senteret i kystregionen Hadhramaut i Jemen sør i Arabia. Al Mukalla er den viktigaste hamnebyen i Hadramaut guvernement, det største guvernementet i Jemen. Han ligg ved Adenbukta nær Arabiahavet, 480 km aust for Aden.
Al Mukalla er den femte største byen i Jemen med eit folketal på kring 300 000. Byen vert tent av Riyan lufthamn.
Historie
Al Mukalla ligg ikkje langt frå «Cane» eller «Qana'», ein viktig kjøpstad i antikken mellom India og Afrika, med områda som produserte røykjelse i landet innafor.[1]
Al Mukalla vart grunnlagd i 1035 som ein fiskarlandsby. Området var ein del av Oman fram til midt på 1000-talet, og seinare i dei jemenittiske statane.
Han var hovudstaden i Qu'aiti-staten Hadhramaut fram til 1967 då han vart ein del av Sør-Jemen. Qu'aiti-staten var ein del av det austlege protektoratet Aden fram til Jemen-statane vart slått saman. Ein britisk rådgjevar var stasjonært i Al Mukalla.
I 1934 vitja den britiske eventyraren Freya Stark dei indre områda av Hadhramaut frå Al Mukalla, og opphaldet hennar i byen er omtalt i boka hennar, The Southern Gates of Arabia.[2]
Slaget ved Al Mukalla
Den 2. april 2015 storma Al-Qaida på Den arabiske halvøya (AQAP) fengselet i byen, og sette fri hundrevis av fangar, mellom anna to AQAP-kommandantar. Dei gjekk til åtak på sentralbanken og tok 17 milliardar jemenittiske riyal og 1 million amerikanske dollar før dei tok kontroll over presidentpalasset i byen. Det vart rapportert at heile byen er under deira kontroll og at dei planlegg å opprette eit islamsk emirat i Hadramaut-området.[3]