Al-Tall (arabisk التل, òg skrive al-Tell) er ein by sør i Syria, administrativt ein del av Rif Dimashq guvernement og senter i al-Tall-distriktet. Han ligg midt i Anti-Libanonfjella, kring 1 000 meter over havet.[1] Av stader i nærleiken finn ein Maaraba i sørvest, Damaskus i sør, Dahiyat al-Assad og Douma i søraust, Maarrat Saidnaya i nordaust, Manin i nord, Ashrafiyat al-Wadi og Basimah i nordvest og al-Hamah og Qudsaya i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Tall eit folketal på 44 957 i 2004.[2] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[1]
Tidleg i 1960-åra vart al-Tall omtalt som ein stort landsby med 3 500 innbyggjarar. Ein stor moské ligg i byen, omgjeve av fleire fragment av søyler, steinar som ligg hulter til bulter og gravkammer.[1]
Kjelder