Abraham de Bellebat de Duquesne-Guitton eller Duquesne-Guiton (1648–1724) var ein fransk kaptein og admiral.
I 1687 segla han frå Kapp det gode håp i «L'Oiseau», med den franske ambassadøren Claude Céberet du Boullay ombord for å opprette ein fransk ambassade I kongedømet Siam.
Han fekk auge på Eendracht Land på kysten av Vest-Australia og segla opp til kysten nær Swan-elva den 4. august – dette var første gong Frankrike var i kontakt med Australia. Han skreiv at det såg særs attraktivt ut og var grønt og frodig, trass i at det var midt på vinteren.[1]
Han vart utpeikt til generalguvernør på Windward Islands (Gouverneur général des Isles du Vent) etter at han konverterte frå protestantismen til katolisismen. Han hadde dette embetet frå 1714 til 1717.[2]
Kjelder