Denne artikkelen handlar om grunnleggjaren av kongeriket Jordan. For den noverande kongen, sjå Abdullah II av Jordan.
Abdullah Ibn Hussein (1882–1951) var konge av Jordan frå staten vart grunnlagd i 1946.
Abdullah vart emir i den britiske kolonien Transjordania i 1921,[1] etter å ha samarbeidd med Lawrence av Arabia i det arabiske opprøret mot Det osmanske riket under 1. verdskrigen. Då Jordan vart sjølvstendig i 1946 vart han konge og døypte seinare om landet til Det hasjemittiske kongeriket Jordan. 29. juli 1951 reiste han til Palestina saman med sonesonen Hussein for å be i den heilage Al aqsa-moskeen. Då vart han skoten av palestinaren Mustapha Shukri Usho og døydde.
Kjelder