Aagot Bjørnson (20. september 1872–28. januar 1968) var ei norsk skodespelarinne.
Familie
Aagot Bjørnson var dotter av byfogden Peter Elias Bjørnson og Laura Mathilde Riiser Larsen, niese av diktarhøvdingen Bjørnstjerne Bjørnson og sonedotter av presten Peder Bjørnson. Ho var syster av teatersjef Inga Bjørnson og kusine av admiral Hjalmar Riiser-Larsen. Ho blei 20. mai 1896 gift med forlagsbokhandlar Lars Magnus Swanstrøm (1868-1939).
Liv og virke
Aagot Bjørnson opptredde på Christiania Theater, der ho fekk sin debut fyrste nyttårsdag 1891 i rolla som Ella Brandt i stykket Vores Koner.[1]
Haustsesongen 1891 spelte Bjørnson Ophelia i ei scene mot Herman Bang, som spelte Hamlet (i Hamlet av William Shakespeare), i Brødrene Hals' konsertlokale. Same år reiste ho på turné med ein trupp frå Christiania Theater.[2] Der opptredde ho i Fredrikshald, Fredrikstad, Skien og Drammen saman med Olaf Hansson og Thora Hansson.[3]
I 1895 fråtredde Bjørnson stillinga som skodespelar ved teateret.[4]
Utvalde roller
Kjelder
Bakgrunnsstoff