A Question of Balance

A Question of Balance
Studioalbum av The Moody Blues
Språk engelsk
Utgjeve 7. august 1970
Innspelt Januar – juni 1970
Studio Decca Studios i West Hampstead i London
Sjanger Progressiv rock, folkrock
Lengd 38:41
Selskap Threshold
Produsent Tony Clarke
The Moody Blues-kronologi 
To Our Children's Children's Children
(1969)
A Question of Balance Every Good Boy Deserves Favour
(1971)


Singlar frå A Question of Balance
  1. «Question»
    Utgjeve: 24. april 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [1]
Rolling Stone(unrated) [2]

A Question of Balance er det sjette albumet til The Moody Blues og kom ut i 1970. Albumet var eit forsøk på enklare instrumentering etter den fyldige, psykedeliske stilen bandet var kjend for på tidlegare album. Dette gjorde dei fordi det hadde vorte vanskeleg å spele songane deira på live på konsert. For å kunne spele fleire nye songar på konsertane sine, valde bandet å lage eit album utan så mykje orkester for A Question of Balance.

For første gongen nytta The Moody Blues eit politisk tema som grunnlag for ein song med songen «Question», som omhandla den pågåande Vietnamkrigen.

Albumet kom ut i 1970 og gjekk heilt til topps i Storbritannia og nådde tredjeplassen i USA. Bandet gjekk attende til det meir frodige lydbiletet på dei neste to albuma sine, Every Good Boy Deserves Favour og Seventh Sojourn.

I mars 2006 kom albumet på SACD med seks ekstra spor. I 2008 kom albumet ut att på normalt lydformat med dei same bonusspor.

Innhald

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Question»Justin HaywardHayward5:40
2.«How Is It (We Are Here)»Mike PinderPinder2:48
3.«And the Tide Rushes In»Ray ThomasThomas2:57
4.«Don't You Feel Small»Graeme EdgeHayward, Thomas, Pinder, John Lodge; kviskring av Edge2:40
5.«Tortoise and the Hare»LodgeLodge3:23
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
6.«It's Up to You»HaywardHayward3:11
7.«Minstrel's Song»LodgeLodge4:27
8.«Dawning Is the Day»HaywardHayward4:22
9.«Melancholy Man»PinderPinder5:49
10.«The Balance»Edge, ThomasPinder (opplesing)3:33
Total lengd:38:41
Bonusspor på 2006- og 2008-utgåvene
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Mike's Number One» (ikkje tidlegare utgjeven)Pinder3:36
12.«Question» (altenativ versjon)Hayward6:08
13.«Minstrel's Song» (originalmiks)Lodge4:35
14.«It's Up to You» (originalmiks)Hayward3:19
15.«Don't You Feel Small» (originalmiks)Edge3:02
16.«Dawning Is the Day» (full originalmiks)Hayward4:36

Salslister

Album

År Liste Plassering
1970 UK Albums Chart[3] 1
Billboard 200 3
Den danske albumlista[4] 7
1975
Den danske albumlista[5] 17

Singlar

År Singel Liste Plassering
1970 «Question» UK Singles Chart 2
Billboard Hot 100 21

Medverkande

Kjelder

  1. «A Question of Balance - The Moody Blues - Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 16. desember 2017. 
  2. «The Moody Blues: A Question Of Balance : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. 6. juni 2008. Arkivert frå originalen 6. juni 2008. Henta 16. desember 2017. 
  3. «Number 1 Albums – 1970s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. Henta 9. juni 2011. 
  4. «danskehitlister.dk». danskehitlister.dk. Henta 16. desember 2017. 
  5. «danskehitlister.dk». danskehitlister.dk. Henta 16. desember 2017. 

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!