A Good Feelin’ to Know er det fjerde studioalbumet til det amerikanske countryrockbandetPoco. Tittelsporet er ein av dei mest kjende songane til bandet frå den tidlege perioden deira. Albumet selde derimot ikkje så godt som venta og var ein del av årsaka til at Richie Furay kom til å slutte i bandet etter det neste albumet deira, Crazy Eyes.
I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder: «Totalt sett er albumet meir høglydt og eit steg eller to meir mot ein hardrockstil enn countryrocken dei var blitt kjende for. Eit uvanleg tilbakevending eller avansement. Det relativt mislykka albumet fekk Richie Furay til å miste trua på bandet.»[1]